Fine haustbilete

Vakker kveld i Sandvikjo på Halsnøy.

Hobbyfotograf Nils Magne Kloster frå Halsnøy er stadig på jakt etter fine motiv, og her kjem tre av dei siste han har teke.

Her det teke ut mykje skog.

Det eine biletet er frå Klostermarka ikkje langt frå Ranavik, der ein kvinnhersungdom med eigne skogsmaskinar har hogge, eller rettare sagt; skore ned ei mengde grantre. Dei vart truleg planta på 1950/60-talet.

Kloster har òg vore på tur til Markjelke i eit nydeleg haustvêr med spegelblanke vatn. Det var nesten vanskeleg å skilje tørt frå vått når ein såg på vatnet, fortel han til Skimtvis.net.

Det siste motivet han kom over siste dagane er frå Sandvikjo på Halsnøy, ved fjære sjø måndag kveld.

Frå Markjelke.