«Godt vaksen» under produksjon

Godt vaksen, boka om 12 eldre kvinnheringar, er for deg som er nysgjerrig på livet før og no. Boka er no sendt til trykking og vil venteleg vera til sals i byrjinga av oktober.
Dei eldre kvinnheringane fortel i boka om eigen oppvekst og sitt lange liv. Du får vita korleis ein heil generasjon måtte klara seg i tjue- og trettiåra og inn i vår moderne tid. Gjennom desse historiane får du også refleksjonar over livet på godt og vondt. Du får tankar om menneskelege verdiar og meiningsfulle liv, men også om saknet etter sine næraste og tankar om den siste tida her på jorda.
Godt vaksen er ei bok om kvinner og menn over 90 år, men ho bør vera like interessant for unge som eldre. Nye generasjonar har venteleg glede av å lesa om korleis besteforeldre- og oldeforeldregenerasjonen i Kvinnherad har hatt det gjennom oppveksten sin – og om kva tankar dei har om livet rundt seg. Dei av oss som har nokre år på baken, vil kjenna oss att i mykje av det dei eldre fortel om. Vi har alle godt av å bli minna om det livet har å by på.
I tillegg til dei 12 historiane, har utgjevaren også funne plass til tre essay. Mellom anna får vi høyra om ein 19-åring sine tankar om livet.
Godt vaksen er laga av Kristian og Kristen Børje Hus. Saman har dei lang erfaring frå medie- og designbransjen. Denne boka har gitt far og son ei minnerik ferd blant godt vaksne menneske.

gkh

Les meir her

FRAMSIDE-BILETET:
Reidar Hjelmeland frå Herøysund er ein av mennene i boka.