Årets trimfest i Rosendal

2015: Terje Aggvin (til venstre) vann eitt sekund føre Erlend Nymark Jensen. Her blir dei to intervjua av speaker Kjell Håvik. Innspurten vart eit magisk friidrettsøyeblikk, der veteranen (f. 1974) vann over den unge (f. 1993). (Foto: Kåre Eik).

Søndag er det klart for det 35. Kvinnheradløpet i Rosendal. Over 5000 personar har til no delteke i det populære løpet, som har vore arrangert like sidan 1982.

Første gong Kvinnheradløpet vart arrangert deltok det 196 personar. Seinare har løpet kvart einaste år vore skipa til første søndagen i oktober med stabile deltakartal. I fjor gjennomførte til dømes 882 personar.

Frå 2014 er løypeprofilen endra og for tredje gang er det no ein 5,8 kilometer lang tur. Start og mål er som før ved idrettsbanen i Rosendal, men turen går ikkje lenger opp Svartedalen til Skeie. I staden går løypa no i fint terreng i Rosendalsområdet.

Klikk på kartet og få opp full storleik.

I konkurranseklassen var det i fjor ein tøff duell i herreklassen, der Terje Aggvin vann eitt sekund føre Erlend Nymark Jensen. I kvinneklassen gjekk Hildegunn Håland til topps. Totalt 38 deltakarar var med i konkurranseklassen i 2015. 

Arrangørane, Rosendal Turnlag og Kvinnheringen, set stor pris på dei som spring, og håpet i år er at fleire tek på seg startnummer denne gongen. 

Samtidig er det slik at fokuset i Kvinnheradløpet er på dei gåande, dei som nyt turen utan tidtaking og som gjerne stoppar opp i løypa for å prata med kjende og ukjende, seier Morten Nygård i arrangørkomiteen.

Løpet høver for alle uansett form og alder, og det er ingen problem med å ta seg fram med barnevogn. Deltakarane får gratis drikke når dei kjem i mål.

I og med at det i år er eit lite jubileum, blir det trekt ut heile 35 gåvekort på 500 kroner mellom dei som kjem seg til mål.

FRAMSIDEBILDET:

I fjor sprang Johanna Aggvin Kvinnheradløpet med barnevogn, og kom i mål berre vel tre minutt etter vinnaren, Hildegunn Håland.

LES PROGRAMMET HER