17. mai-tale på Halsnøy

På nasjonaldagen hadde eg gleda av å halda tale for dagen ved Halsnøytunet. På oppfordring legg eg talen ut her på Skimtvis.

Godt folk!
Gratulerer med dagen, Norge sin geburtsdag.
I dag er det 203 år sidan landet fekk si eiga Grunnlov på Eidsvoll.

Det er det vi først og fremst markerer kvart år den 17. mai. Vi må vera stolte og takknemlege for at vi kan feira ein slik dag, spesielt her på vakre Halsnøy.
Grunnlova er blitt eit samlande symbol for fridom, sjølvstende og demokrati.

Lova vart starten på det moderne norske demokratiet; med folket i sentrum for styringa av landet.
17. mai markerer også meir enn 200 år med fred mellom dei nordiske landa. Fram til 1814 hadde Sverige, Danmark og Norge jamleg lege i krig med kvarandre i mange hundre år, i ein langvarig kamp om makt og innflytelse.

I Kvinnheringen på fredag hadde dei lista opp 10 stikkord til hjelp for dei som skulle halda tale på 17. mai. Avisa føreslo at vi kunne snakka om:

Vêret
Krigen
Freden
Folket
Toget
Bygda
Dugnad
Bunad
Pølser
Kroneis

Eg vil fokusera på krig, fred og folk.

Dei siste to åra har eg hatt gleda av å intervjua mange eldre menneske rundt om i heile Kvinnherad, om deira levde liv. Fleire av dei bur her på Halsnøy.
Eg syns det er viktig at folk får fortalt noko av det dei har opplevd, og at nye generasjonar seinare kan lesa og høyra deira historiar.

I samtalane kjem vi ofte inn på tema som krig og fred. Det er naturleg å trekkja noko av dette fram i dag.

Aslaug Sjo er ei av dei, sjølv om ho ikkje nett høyrer til dei eldste, ho er berre 82 år. Ho har skildra levande då ho som 5 – 6-åring, ilag med mor si og ei søster, måtte ro for livet for å unngå å bli råka av bombene som engelske fly sleppte over Slåtterøy fyr i Brandasund under siste verdskrig.

Og ikkje berre det; dei måtte òg passa seg for alle minene som fienden hadde lagt ut i fjorden.

Johannes Johnsen, også han frå Halsnøy, er snart 92 år. Det sterkaste minnet han har frå krigens dagar er då tyske soldatar kom på rassia i heimen deira på Sjo etter ein skyteepisode på Sunde. 

– Hadde dei funne geværet som far min hadde gøymt på loftet, ville vi blitt skotne på flekken, fortel Johannes i intervjuet.

Men både Aslaug og Johannes og mange andre, har også gode minne frå den tida, og nemner spesielt to dagar våren 1945. Aslaug gløymer til dømes aldri den store flaggstonga og det store norske flagget på den vesle øya ho voks opp på, etter at fienden hadde kapitulert den 8. mai.

Seinare i livet har både Aslaug og Johannes fått oppleva desse to mai-dagane mange gonger. Dei veit kva fred og fridom betyr. Mange eldre meiner det er minst like viktig å feira den 8. mai, dagen som sidan 1945 har vore sjølve fredsdagen i Norge. 

Det kan eg vera enig i, for det er ikkje sjølvsagt at vi i framtida får ha det like fredeleg som no. Difor må vi ikkje bli likegyldige i høve til kampen for fred.
Det er viktig å verna om demokrati og fridom kvar einaste dag og ikkje la vonde krefter få sleppa til.

De som er barn og unge må vera ekstra på vakt, spesielt i høve til problemet som rir Europa som ei mare for tida; radikalisering og terror.
Vi har sett det i Paris, i Nice, Berlin, Stockholm – og i Oslo. Og mange spør seg; kor slår terroristane til neste gong? Skjer det her hos oss?

Det virkar kanskje litt usannsynleg, men la oss vera årvakne og gje dei vonde kreftene motstand, slik mange nordmenn gjorde under siste verdskrigen.

Vi må likevel ikkje gå rundt i frykt, og la øydeleggjande krefter få styra kvardagen vår. «Frykt ikkje», står det mange stader i Bibelen. Det får vi leva etter.

De som bur her på Halsnøytunet har gått føre, og vist oss kva fred og fridom betyr for oss alle. I dag ønskjer eg spesielt dykk ein hyggeleg 17. mai, og ein fin livskveld her på heimen. 
Vi skal aldri gløyma dykkar innsats i samfunnet, og kva de har betydd for folk og land, og familiane dykkar. På Nasjonaldagen er det viktig at vi tenkjer over dette.

Gud signe vårt dyre fedreland,
og lat det som hagen bløma.
Lat lysa din fred frå fjell til strand
og vetter for vårsol røma.
Lat folket som brødre saman bu,
som kristne det kan seg søma.

Takk for at de høyrde på meg!

Kristian Hus