Planlegg bok om doktor Haugen

Thor Inge Døssland og Kristian Bringedal har lyst til å skriva bok om den folkekjære distriktslegen.

Den eine har vore både lærar og kultursjef, den andre arbeider framleis i skuleverket, og begge to er ekte uskedelingar med sterk interesse for det skrivne ord. Kristian Bringedal og Thor Inge Døssland har dessutan vore aktive på nettstaden uskedalen.no gjennom ti år. No er dei i gang med eit nytt prosjekt; ei bok om den legendariske distriktslegen i Kvinnherad, Endre Haugen. Det er i alle fall det dei to skrivelystne karane ønskjer å få til.

Det var i desember 2014 interessa for doktor Haugen skaut ny fart, ikkje berre hjå Bringedal og Døssland, men hjå mange andre kvinnheringar òg. For då den ultralokale nettstaden i Uskedalen byrja å publisera historiar om den folkekjære distriktslegen vakna folk liksom til live, og sende inn sine minne om han. Berre i løpet av ein månad vart 35 ulike historiar om legen og bilane hans publiserte på nettstaden. Seinare har det kome inn endå meir stoff, og per i dag nærmar det seg 60 slike saker. Det meste av dette kan brukast i ei bok.

Meir å henta

– No er tida inne for å setja strek for prosjektet på nettstaden, og heller arbeida vidare med planane om eit hefte eller ei meir forseggjord bok, seier Kristian Bringedal og Thor Inge Døssland. Dei to er visse på at det er meir stoff å henta rundt om i Kvinnherad, som dei så langt ikkje har fått tak i. Om bokidéen let seg realisera, får tida visa, seier dei to potensielle bokutgjevarane. Tida vil òg visa kor omfattande skrift det kan bli.

I alle fall ber dei folk som enno minnest doktor Haugen, om å ta kontakt for å fortelja kva dei hugsar eller for å koma med tips til personar som kan vera aktuelle å snakka med. Begge delar er like verdifullt, like eins om det finst bilete.

Endre Haugen var fødd i 1895 og kom til Rosendal som distriktslege i Kvinnherad i 1934, ei stilling han hadde fram til 1966. Han var då 71 år gammal. Seinare praktiserte han som privatlege. Han døydde i 1986, 91 år gammal.

Har du noko å bidra med, så ta gjerne kontakt med Bringedal eller Døssland på telefon 915 31 487 eller 932 88 237. Dei lovar å sjå på alle tips som kjem inn. Dei søkjer også samarbeid med ressurspersonar, som meiner dei har noko å bidra med til ei eventuell bok om doktor Haugen.

kh