Fin film om kraftutbyggjing

(Bilete frå filmen).

No er han her; dokumentarfilmen om SKL si kraftutbyggjing i Matre. På oppdrag frå Hordaland fylkeskommune har Sunnhordland Museum fått laga filmen, der føremålet har vore å formidla den unike historia om det som skjedde i fjella under anleggstida.

Brynjar Stautland frå Bømlo står for filmdelen, medan Bjørn Arve Lunde frå museet har intervjua fleire av dei som arbeidde på anlegga i Matre. Fleire andre har òg bidrege til filmen, ikkje minst anleggsarbeidarar som framleis lever, skriv Kvinnheringen.

Lunde seier til avisa at det er først når ein snakkar med folk som var ein del av utbygginga, at ein verkeleg får inntrykk kva som føregjekk.

Ein film på 13 minuttar rispar berre i overflata av krafthistoria i Matre, men filmen vart godt motteken då han vart vist for eit femtitals menneske i SKL sitt besøkssenter i Matre, skriv Kvinnheringen.

Sjå filmen her

(Bilete frå filmen)

Flittige arbeidarar

Det er vår, og flittige maurar er allereie i full gang med byggjinga på Halsnøy!

På tur i Rosendalsfjella

Saman med tre kameratar var Stig Klette i Rosendal i sommar på tur til blant anna Bjørndalstind (1426 m o.h.). Under vegs gjorde han mange fine opptak med kameraet sitt, og no er denne flotte videoen frå turen klar.

Klette fortel til Skimtvis.net at han har planar om ein oppfølgjar neste sommar.

 

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu»

Bilete frå videoen. Rett nok dreiar det seg om humor, men tekstleggjinga over Rosendal-skiltet samsvarar lite med realitetane!

Bilete frå videoen. Rett nok dreiar det seg om humor, men tekstleggjinga over Rosendal-skiltet samsvarar lite med realitetane!

Front Production laga i 2009 ein parodi over NRK sin kjende serie «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» med Oddgeir Bruaset som programleiar. Videoen, der Svein Nordal hadde rolla som Bruaset, var produsert for SØRAL-revyen. Teamet som laga videoen køyrer på land på Løfallstrand og filmar rundt om i Rosendalsområdet før dei endar opp i Guddal, der programleiaren intervjuar ein ikkje ukjend bygdamann.


Satsar på song og musikk

(Privat foto)

(Privat foto)

Hanna Eikeland frå Valen (snart 16) har spelt fiolin sidan ho var 10 år gammal, og musikk og song  betyr mykje i livet hennar. Ho var med i koret Nattergalen i fire år og elev i Kvinnherad Musikkskule i sju år. I dag er ho elev ved lina for musikk, dans og drama på Stord vidaregåande skule.

Hanna har spelt fiolin i kyrkjer, vore med på MOT-konsert på Husnes, spelt på Ope Hus og spelt på nattkafeen i Husnes bedehus. Endåtil medan familien var på ferie på Filippinene, «måtte» ho innom ein musikkforretning for å prøvespela ein fiolin! Ho likar også å syngja og har opptredd ulike stader.

Den musikalske jenta har også delteke på UNOF Rogaland  (de unges orkesterforbund) sin sommarskule i Kopervik fire gonger, og fått vore med og spelt i eit strykeorkester med 50 utøvarar. Målsetjinga hennar er å få seg ei solokarriere innan fiolin og sang.

Olena Pasichnyk har vore Hanna sin fiolinlærar like sidan ho begynte som 10-åring. Det har ført til at dei to har spelt ilag fleire stader, blant anna for kommunestyret før sommarferien.

I dette private opptaket spelar dei to «Narnia» av Harry Gregson-Williams. Stykket er arrangert av Larry Moore, og Hanna spelar her 1. stemma og Olena 2. stemma.

Drone-tur over Kvinnherad

Kenneth Johansen frå Husnes tar seg ofte ein tur over Kvinnherad med dronen sin, eit lite batteridrive "fly" med videokamera på. På denne turen fyk han mellom anna over Furebergfossen i Mauranger, ferjestøet på Årsnes, Husnes med båthamna og Tveitedalen på Utåker.

Nyt turen!

Kulturarv

Denne videoen byrjar med glimt frå Eikemo fellesseter i 1992 og går vidare til bygdetunet Rød i Uskedalen fire år seinare. I 1998 var fotografen på plass under landbruksdagane i Omvikdalen. Same året gjekk turen til Mauranger, der Remme tok bilete i Gjerdetunet.