Satsar på song og musikk

 (Privat foto)

(Privat foto)

Hanna Eikeland frå Valen (snart 16) har spelt fiolin sidan ho var 10 år gammal, og musikk og song  betyr mykje i livet hennar. Ho var med i koret Nattergalen i fire år og elev i Kvinnherad Musikkskule i sju år. I dag er ho elev ved lina for musikk, dans og drama på Stord vidaregåande skule.

Hanna har spelt fiolin i kyrkjer, vore med på MOT-konsert på Husnes, spelt på Ope Hus og spelt på nattkafeen i Husnes bedehus. Endåtil medan familien var på ferie på Filippinene, «måtte» ho innom ein musikkforretning for å prøvespela ein fiolin! Ho likar også å syngja og har opptredd ulike stader.

Den musikalske jenta har også delteke på UNOF Rogaland  (de unges orkesterforbund) sin sommarskule i Kopervik fire gonger, og fått vore med og spelt i eit strykeorkester med 50 utøvarar. Målsetjinga hennar er å få seg ei solokarriere innan fiolin og sang.

Olena Pasichnyk har vore Hanna sin fiolinlærar like sidan ho begynte som 10-åring. Det har ført til at dei to har spelt ilag fleire stader, blant anna for kommunestyret før sommarferien.

I dette private opptaket spelar dei to «Narnia» av Harry Gregson-Williams. Stykket er arrangert av Larry Moore, og Hanna spelar her 1. stemma og Olena 2. stemma.