Fin film om kraftutbyggjing

(Bilete frå filmen).

No er han her; dokumentarfilmen om SKL si kraftutbyggjing i Matre. På oppdrag frå Hordaland fylkeskommune har Sunnhordland Museum fått laga filmen, der føremålet har vore å formidla den unike historia om det som skjedde i fjella under anleggstida.

Brynjar Stautland frå Bømlo står for filmdelen, medan Bjørn Arve Lunde frå museet har intervjua fleire av dei som arbeidde på anlegga i Matre. Fleire andre har òg bidrege til filmen, ikkje minst anleggsarbeidarar som framleis lever, skriv Kvinnheringen.

Lunde seier til avisa at det er først når ein snakkar med folk som var ein del av utbygginga, at ein verkeleg får inntrykk kva som føregjekk.

Ein film på 13 minuttar rispar berre i overflata av krafthistoria i Matre, men filmen vart godt motteken då han vart vist for eit femtitals menneske i SKL sitt besøkssenter i Matre, skriv Kvinnheringen.

Sjå filmen her

(Bilete frå filmen)